Skip Navigation Links
 
Elis AS og NetNordic Bredbånd AS inngår avtale
Elis AS har inngått ein samarbeidsavtale med NetNordic Bredbånd AS om utvikling og leveranse av løysingar for effektiv handtering av fiber- og breibandstenester i den norske energibransjen.

NetNordic Bredbånd AS og Elis AS har felles kundar i energibransjen i Norge. Elis leverer CRM- og prosessystemet ElWin, medan NetNordic er eit av dei leiande kompetansemiljøa innanfor nettverk og infrastruktur. Saman har partane utvikla eit grensesnitt mellom ElWin som kunde- og forretningssystem, og NetNordic sin provisjoneringsplattform for nettverkstyring. Selskapa ønskjer gjennom aktualisering av breiband- og fibertenester for norske netteigarar å dekkje eit aukande behov i marknaden. Elis og NetNordic skal i fellesskap utvikle og levere gode felles løysingar for å imøtekomme dette behovet for kraft- og nettverkstenester.

Ein partnar som NetNordic Bredbånd tilfører Elis spisskompetanse på eit av mange område våre eksisterande kundar ønskjer å dekkje i ElWin. Eg er trygg på at vi gjennom eit samarbeid kan vidareutvikle breibandsrelatert funksjonalitet til ein naturleg integrert del av vår programvare,” seier sal- og marknadssjef i Elis, Stian Madsen.

”For å sikre en rask og kostnadseffektivt bredbåndsutbygging i Norge må vi sørge for å forenkle forretningsprosesser i bredbåndsnett. Vårt samarbeid med et veletablert selskap som Elis vil sikre våre kunder forenklet håndtering og komplementere og forenkle tjenestetilbudet. Vårt mål er å sammen gi våre kunder enda bedre funksjonalitet og mulighet for effektivisering og automatisering av sine fiber- og bredbåndstjenester,” seier Julia Schweitzer, markedssjef i NetNordic Bredbånd.

Om NetNordic Bredbånd AS
NetNordic Bredbånd AS er ein av Norges leiande leverandørar av moderne breibandsløysingar for teleoperatørar, nettoperatørar og netteigarar. NetNordic Bredbånd har spesialisert seg på breibandsløysingar der nettverk og tenester kan leverast av ulike aktørar. I samarbeid med partnerar leverer NetNordic Bredbånd systemløysingar basert på marknadens mest avanserte teknologi. Tenestene spenner frå forstudie til drift, både innan fiber, kobber-DSL, kabel-TV og WiFi. NetNordic Bredbånd inngår i NetNordic-gruppa, som nå tel totalt 65 medarbeiderar og har ei omsetning i 2009 på 115 millioner kroner. NetNordic har hovudkontor i Oslo og avdelingskontor i Kristiansand, Bergen, Tromsø og Stavanger.

Om Elis AS
Elis leverer CRM- og prosessystem for energibransjen. Selskapet er ein av landets leiande leverandørar i den norske marknaden. Programvara ElWin vert nytta til ei rekkje oppgåver og tenester i om lag 90 norske kraft- og nettselskap. Elis vart etablert i 1992, har hovudkontor i Dale i Sunnfjord og består i dag av 54 tilsette.

Avtalen vart signert 17. desember 2009.

Kontaktpersonar
Sal- og marknadssjef Stian Madsen i Elis AS, tlf. 57 73 99 70 eller 992 45 879
Markedssjef Julia Schweitzer i NetNordic Breiband AS, tlf. 90960490 www.netnordic.no