Skip Navigation Links
 
No er det jul igjen!
Året 2009 er på veg mot slutten, og vi skriv snart 2010! Vi i Elis ønskjer å takke for samarbeidet i det gamle året, og samstundes ta eit lite tilbakeblikk.

Som tidlegare år har Elis valt å gi ein sum til eit godt formål, i staden for å sende kvar og ein av våre kundar og samarbeidspartnarar julegåver. I år gir vi kr 25 000 til organisasjonen DROP (Do Remember Other People) sitt samarbeid med Raselas Diversity School i Addis Abeba. DROP blei stifta av elevar og lærarar ved Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler for å hjelpe skular i vanskelegstilte område.
 
Året som har gått har vært prega av utfordrande oppgåver, som Elis har gått laus på med stort engasjement. Alle i bedrifta har levert ein strålande innsats for å oppfylle forventningane. Gjennom god dialog med kundane og hardt arbeid har vi klart å følgje framdriftsplanane i alle prosjekt.
 
Vi er i dag 54 dyktige medarbeidarar som skal stå til disposisjon for deg som kunde. 2010 vil vere prega av fokus på eksisterande kundar. Elis ser det som heilt avgjerande at vi klarer å innfri dei forventningane de har til oss som leverandør.
 
For at vi i lag skal løyse dei utfordringane vi møter i kvardagen, er det viktig med godt samarbeid. Det er ikkje slik at vi ser løysing på alle krav eller behov som vi møter, men med ein tett dialog vil vi omsette det meste i effektiv og brukarvenleg programvare. Vi ønskjer å verte kjenneteikna som eit selskap med høg arbeidsmoral, gode haldningar, høg fleksibilitet og kompetanse.

Til slutt vil vi takke for at de vel å samarbeide med Elis, og vi ønskjer alle ei roleg og fin julehelg. Vi håper på eit godt samarbeid vidare i 2010.

Vi ønskjer våre kundar og samarbeidspartnarar
ei riktig God Jul og eit Godt Nytt År!