Vi tilbyr eit stort utval kurs for brukarar av ElWin. Kurstilbodet tek sikte på å dekkje store delar av kunnskapen som er nødvendig for å kunne utnytte ElWin optimalt.
Hovudmålet med kursa er å demonstrere funksjonalitet i programvara, samt å gi brukarane innsyn i korleis ein skal bruke ElWin på ein effektiv måte. Kursa er lagt opp slik at deltakarane får tilgang til kvar sin pc, og det vert oppgåveløysing undervegs for å gjere det mest mogleg likt den daglege arbeidssituasjonen. Vi håpar dette aukar motivasjonen og forsterkar læringsprosessen på kursa våre.
Kvifor delta på kurs?
Klikk direkte i figuren for meir informasjon om innhald, mål og krav til forkunnskap.
Alle som skal nytte ElWin i det daglege arbeidet bør ha grunnkurs samt gode Windows-kunnskapar for å kunne bruke programmet som eit effektivt verktøy i kvardagen. For å betre og oppretthalde kompetansenivået i ElWin anbefaler vi at brukarane med jamne mellomrom deltar på kursa som omhandlar dei emna dei arbeider med.