Skip Navigation Links
 
Kurs og seminar
Elis AS har i dei seinare åra utvida tenestetilbodet til våre kundar. Vi kan no tilby Dykk eit totalkonsept med diverse kurs og seminar.
 
Temadag
På desse dagane ønskjer vi ein dialog og diskusjon med våre kundar på eit bestemt emne. Slike dagar er tiltenkt at vi i fellesskap skal komme fram til gode og fornuftige løysingar i programvara som De som kundar og vi som leverandør kan vere fornøgd med.

Brukarseminar
Vi tilbyr ein felles gjennomgang av utvalte tema for våre kundar. Målet vårt er å gi innblikk og forståing av ny funksjonalitet i ElWin. På slike seminar samlar vi gjerne fleire kundar enn ved temadagar. Det vert lagt opp til demonstrasjon, diskusjon og gjennomgang av det aktuelle tema.

Kurs
Vi tilbyr våre kundar kurs i ulike emne i ElWin. Kvart kurs vil så langt som mogleg vere tilpassa deltakarane sitt behov innanfor det valte området. På våre kursdagar er det lagt opp til ei blanding mellom gjennomgang i plenum og oppgåveløysing på eigne pc-ar.
Kursdokumentasjon er inkludert i prisen.

Workshop
Ein workshop skreddarsyr vi i fellesskap med kunden – det er kunden som legg føringar for kva tema/problemstillingar de ønskjer konsulentbistand til. Ein av våre erfarne konsulentar vil då arbeide med dykk i ein reell driftssituasjon. Etter vår erfaring er dette ei god løysing som bidreg til å forbetre og tilpasse bruken av ElWin, slik at programmet vert utnytta optimalt.

Online Workshop
Vi har utvida tenestetilbodet vårt, og kan no tilby dykk ”nettmøter”. Med dette verktøyet kan vi tilby våre kundar bl.a. gjennomgang, demonstrasjonar, rettleiing og hjelp i bruken av ElWin over internett og eventuell telefonkonferanse. Slike gjennomgangar vil i mange tilfeller vere kortare enn ein vanleg arbeidsdag, og vil derfor bli lettare å tilpasse til den travle arbeidssituasjonen mange har.