Skip Navigation Links
 
ElWin ElNett
Nettselskapa i Norge står framfor ei spennande tid der modernisering og endringar vil stå i fokus. Med innføringa av tovegskommunikasjon vert fordelane med heilskap i prosessane, heilt frå førehandsmelding til fakturering og innfordring, tydelegare. Ny teknologi og endringar i krav frå styresmaktene fører til auka fokus på rapportering, leveringskvalitet og driftssikkerheit.

Forretningsområde
ElNett ivaretek endra krav, både frå myndigheiter og forbrukarar, og handterer ei sentral verdikjede med element som førehandsmelding, komponentregister, måleverdiar, tilsyn og EDI. Gjennom heile livssyklusen til eit elektrisk anlegg vert alle forbruksdata, dokumentasjon og dialog mot kunde og anleggseigar loggført og lagra mot det einskilde anlegget. Tilsynsoppgåvene vert løyst i same system, og dreg nytte av registrert kunde- og anleggsinformasjon. ElWin ElNett ivaretek omsynet til ein komplett dialog og informasjon som rettar seg mot sluttkunden. Ved å forholde seg til eitt og same datagrunnlag, legg ein til rette for straumlineforma prosessar og god informasjonsflyt, både internt og mot sluttkunden. Webteknologi er teken i bruk ved fleire høve for å legge til rette for at  ElNett også blir tilgjengeleg for eksterne operatørar og leverandørar av tenester knytt til arbeidsprosessane i e-verket. Dette er tilpassingar som i aukande grad blir avgjerande med innføringa av 2VK. Ved sidan av at vi leverer gode løysingar innanfor breidda av verdikjeden, finst det også gode grensesnitt mot tilstøytande system.

Løysing
ElWin ElNett inneheld mellom anna følgjande funksjonalitet:
• Generell tilsynsfunksjonalitet
• Komponenthandtering med ein hensiktsmessig masterstruktur og effektive registreringsrutinar
• Handtering av installasjonar, tilsynsobjekt og målepunkt
• Måleverdihandtering med rutinar for kontroll og rapportering
• 2VK-funksjonalitet og handtering av måleverdiar
• EDI-meldingsutveksling i tråd med krav og retningsliner
• Elektronisk førehandsmelding som erstattar manuell papirflyt
• Tilsyn på webgrensesnitt legg til rette for eksterne sakkyndige aktørar
• Funksjonalitet for avrekning av målepunkt på regionalnettet og innmatingspunkt
• Integrasjonar mot innsamlingssystem og NIS
• Behandling av korreksjonsoppgjer og saldooppgjer
• Handtering av kvoterasjonering