Skip Navigation Links
 
ElWin ElWeb

Web-baserte sjølvbeteningsløysingar er i fokus hos den moderne kunde og leverandør. ElWeb gir mange openbare fordelar for begge partar, som spart tid, reduserte kostnader, og utvida kundeservice. I ElWeb-konseptet realiserer vi gevinstane både for energiselskapa og deira kundar. Vår visjon er å presentere god informasjon, samtidig som ein gjev sluttkunden moglegheiter for å administrere eige kundeforhold.

Forretningsområde
ElWeb gjer mange tenester tilgjengeleg for kunden. Modulen tilbyr tidsriktige og automatiserte sjølvbeteningstenester på mange sentrale prosessar i verdikjeda frå målarverdiar, komponent, faktura, produkt til kunderelatert informasjon. Avgjerande viktig er at ein tilbyr informasjon av riktig kvalitet, som også sikrar konsistens i data i alle involverte kjelder. ElWeb er utvikla slik at våre brukarar har moglegheit til å administrere store delar av output sjølv. Vi legg vekt på å utvikle enkle og brukarvenlege løysingar, som skal stimulere til auka elektronisk interaksjon med kunden. Vi tilbyr funksjonalitet som er tilpassa både privat- og bedriftsmarknaden. Løysinga er fleksibel og er integrert mot andre produkt frå Elis. Dette bidrar til gode tenester, bundling av kommunikasjonskanalar som web, sms og e-post, og moglegheit til å tilby fleirprodukt via ein og same portal.

Løysing
Nokre av funksjonane vi tilbyr i ElWin ElWeb for privat og bedrift:
• Målaravlesing for sluttkunden
• Kontakt meg-skjema til kundesenter
• Prøveavrekning på reelle data i produksjonssystemet
• Komplett leveranseoversikt
• Fakturaoversikt over alle produserte fakturaer
• Forbruksgrafar med oversikt over både timesmålte og profilmålte anlegg
• Eksport til excel for etterbehandling
• Internettfaktura på avdelingsnivå med moglegheit for komplett fakturaadministrasjon for fleire anlegg/målarar
• Automatisert flyttemelding for både inn/utflyttar og meklar
• Oversikt over historiske utgifter og prognose for framtidige utgifter
• Automatisert produktbestilling/kjøp for eksisterande kundar i forhold til dei produkta energiselskapet tilbyr
• Automatisert produktbestilling for nye kundar på web
• Utstede eiga betalingsavtale