Alle som er i kontakt med kundar, kolleger og leverandørar har eit informasjons- og koordineringsansvar i eiga bedrift. Dette gjeld alle, både salsavdeling, montørar og kundeservicemedarbeidarar. Det er ei forventing frå kunden om at energiselskapet er kontinuerleg oppdatert med status på arbeidsordrar og aktivitetar som vert utført og registrert mot kunden. ElProsess legg til rette for at aktuell informasjon skal vere tilgjengeleg for alle partar som har behov for oppdaterte data og opplysningar, og er eit nyttig verktøy til å forbetre effektivitet, arbeidsflyt og servicegrad på tvers av organisasjonen.
Forretningsområde
ElWin handterer ei sentral verdikjede, frå innhenting av målarverdiar, komponent- og kundehandtering og heilt fram til fakturering og innkrevjing. Desse prosessane, med kunden i sentrum, utgjer ein raud tråd i verdikjeda til energiselskapa, og vert handsama gjennom effektive og straumlineforma jobbar og rutinar i ElProsess. ElProsess er utvikla med basis i webteknologi (html), og har eit enkelt brukargrensesnitt. Ein kan bruke systemet utanfor eigne kontorlokale (internett, mobilt breiband, PDA) og samtidig registrere sanntidskommunikasjon med ElWin. Elis tilbyr løysingar utvikla i tett samarbeid med Handyman-applikasjonen frå ePocket Solutions. ElWin ElProsess er utvikla for raskt å tilordne, behandle og løyse ulike problem og prosessar ved hjelp av automatisert ruting, køsystem og eskalering av serviceførespurnadar og generelle ordrar. Alt som utførast vert logga på kundenivå, og gir felles informasjon på tvers av organisasjonen. I kombinasjon med ElAnalyse realiserer systemet god systematikk rundt innrapportering og behandling av ulike typar saker, hendingar, forbruk og økonomiske analysar. Ein kan lage gode sjekklister på driftsrelaterte arbeidsprosessar som målarbytte og tilsyn, i tillegg til å brukast som eit helpdesk- og salssystem.
Løysing
ElWin ElProsess inneheld mellom anna følgjande funksjonalitet:
• Webgrensesnitt tilpassa effektiv drift av fyrstelinje kundesenter, med effektive rutinar for direkte dialog med sluttkunden i fleire kanalar, som SMS, e-post og brev
• Automatisering og effektivisering av førespurnadar gjennom køsystem og ruting av innkommande epost
• Effektive verktøy for organisering og styring av arbeidsprosessar, både internt og mot eksterne aktørar, via saksobjekt distribuert til personar eller grupper
• Saksobjekt identifisert med unike referansenummer, som loggar all dialog mot sluttkunde
• Prosjektstyring ved hjelp av sakshierarki og bruk av stafettruter og sjekklister
• Integrasjon mot ePocket Solutions sin Handyman-applikasjon for utveksling av arbeidsordre