Skal eit selskap lukkast med sine forretningsprosessar er det viktig å ha oversikt over kritiske prosessar og tilgang til tidsriktig og korrekt informasjonsgrunnlag. ElAnalyse gjev auka moglegheit for kontroll og støtte til sikrare beslutningar, og er eit godt verktøy for å forbetre forteneste og oversikt. Løysinga kan brukast til økonomiske analyser, saksstatistikk, med store moglegheiter for tilpassing i tråd med behov og ønske.
Forretningsområde
Modulen analyserer mønster i innkjøp, forbruk, pris, aktivitetar/saker som grunnlag for å forbetre innkjøpsstrategiar, og samtidig optimalisere produktportefølje og kvalitet gjennom heile verdikjeda. Ved å ta i bruk analyseløysingar kan ein bevege seg opp på eit overordna nivå, og sjå på samanhengar i hele verdikjeda. I staden for å forbetre interne rutinar til eikvar tid, kan ein ved ElAnalyse forbetre prosessane på ein meir strategisk måte. Ved hjelp av IT som støtteverktøy kan ein analysere seg fram til betre måtar å drive verksemda på, samtidig som ein hentar ut større gevinstar i form av reduserte kostnader og auka inntekter. Vår resept er å gå frå data til kunnskap gjennom å samanstille og formidle informasjon i organisasjonen. Verktøyet vert nytta med grunnlag i reelle data, slik at man ikkje sitter med gamle, statiske data. Med ei oversikt i sanntid får ein riktig kunnskap om verdikjeda og mønster i utviklinga.
Løysing
ElWin ElAnalyse inneheld mellom anna følgjande funksjonalitet:
• Realistisk simulering av forventingar til volum og inntening fram i tid, basert på eit breitt informasjonsgrunnlag, som kontrakter, forbrukskurver, tariffar, fastpris og forwardprisar
• Simulering basert på datavarehusteknologi, med prognosar ned på tariffnivå
• Marknadsrapportering/ leiingsinformasjon: rutinemessig produksjon og presentasjon av nøkkeltalsinformasjon
• Lagring av historiske nøkkeltal i databasen, for seinare bruk i rapporteringssamanheng
• Rapportering av historiske data i kombinasjon med prognosar
• Presentasjon av akkumulerte endringar i porteføljen.
• Effektive rutinar for produksjon av tilbod, basert på kjend prisinformasjon og forventingar i marknaden
• Handteringa av finansielle kontraktar og effektiv produksjon av grunnlagsdata for porteføljeforvatning
• Presentasjon av forteneste på avtalenivå ved handtering av finansielle produkt