Målarbytteprosessen i forbindelse med innføringa av 2VK er ei formidabel oppgåve for norske nettselskap, som stiller krav til dei systema som held på informasjonen under vegs. Ved å handtere utrullingsarbeidet i ElWin slepp ein fordyrande og ineffektive mellomledd. Samstundes bygger ein eit solid datagrunnlag og kompetanse for framtida, ved å nytte det systemet som er designa for å drifte dei ulike prosessane etter 2VK innføringa.
Ved å nytte arbeidsordresystemet i ElWin til å strukturere utrullingsprosessen, vil våre kundar bygge eit godt datagrunnlag for framtida. Utplukk og varsling i forkant av målarbytte vert gjort direkte i kunde- og anleggsregister. Via handhaldne PDA eller bærbare PCar kan montøren sjølv registrere byttedata direkte inn i ElWin, og på den måten oppdatere alle naudsynte data. Dette oppdaterer sjølvsagt alle naudsynte register og initierer aktuelle påfølgjande prosessar. Arbeidsordresystemet med ei rekkje rapporteringsverkty gjer god oversikt over den pågåande prosessen.
Som illustrert i figuren viser er montøren kopla direkte opp mot ElWin. Informasjon om ønskt arbeidsordre vert sendt via internett. Når jobben er gjort vert endringane registrerte og saka kvittert ut. ElWin vil automatisk handtere oppdatering av frondtendsystem, samstundes med at PRODAT vert generert som ei tilbakemelding til kraftleverandør.