Pålegg om målarar med tovegskommunikasjon (2VK) på så nær som alle straummålarar er på trappene i Norge. Denne infrastrukturutviklinga inneber at energiselskap får auka kontroll med infrastruktur og forbruk, effektiv kundehandsaming og nye kunderelasjonar som set framtidas energiselskap i sentrum for ein serie relaterte produkt og tenester.
Føresetnaden for å utnytte potensialet i det nye målarregimet er at ein har på plass system som er i stand til å initiere og handtere kunderelaterte prosessar på ein hensiktsmessig måte. Med breidda i verdikjeda handtert av prosessystemet ElWin er dette eit godt utgangspunkt for å optimalisere dei løysingane som byr seg med innføringa av 2VK. Med kunden i fokus tek ElWin i dag hand om ei rekke seriekopla prosessar som strekker seg frå førehandsmelding av nye anlegg, til den sjølvbetente kunden i fleire ulike kanalar.
Den fleksible og straumlineforma grunnstrukturen som ligg i botn for prosessystemet ElWin, er godt tilpassa for å forvalte dei mulegheitene det nye målarregimet opnar for. Det integrerte måleverdiregisteret er utgangspunkt for rasjonell og effektiv kommunikasjon mot ulike innsamlings- og frontendsystem, utan fordyrande integrasjonar om mellomledd, på lik linje som at kunde- og anleggsregisteret i dag vert handsama i ElWin. Ein sikrar og god datakvalitet ved å lagre alle relevante data i eitt system, utan duplisering og spegling av data. Ved å la eitt system handtere heile verdikjeda, frå måleverdiar til avrekning og kundedialog, minimerer ein risiko forbunde med integrasjonar og kommunikasjon via fleire ledd.
For Elis AS er det viktig å vere i forkant av utviklinga som skjer i forbindelse med 2VK. Som leverandør av marknadens leiande prosessystem for energibransjen, skal vi syte for at våre kundar kan utnytte dei mulegheitene som byr seg. Det er difor vi i dag har dedikert store ressursar, som arbeider fokusert med utrulling og drift for framtida.