Elis ekspanderer i ein marknad som er i stor endring, og våre kundar sine krav og forventningar aukar stadig. Vi treng kompetente og engasjerte medarbeidarar som bidreg til å gje oss eit ekstra løft for å møte morgondagens utfordringar.
Dersom du er ute etter ein utfordrande jobb, ansvar, triveleg arbeidsmiljø der vi nyttar det siste innan teknologi, er Elis den rette arbeidsplassen. Vi er ein uformell organisasjon der den enkelte sitt engasjement avgjer kva retning skuta går. For å forsterke kvar enkelt sitt bidrag vektlegg vi samarbeid internt i organisasjonen. Felles innsats, pågangsvilje og tru på konseptet har ført Elis til der vi er i dag.
Vi verdset mangfald. Der alle saman tenkjer likt, tenkjer ingen særleg mykje.
Vi er stadig på jakt etter dei riktige personane som kan bidra i vår organisasjon. Har du spørsmål eller lurer du på kva dine moglegheiter er i Elis, kontakt Jofred Åsnes på telefon 57 73 99 70.
Kanskje er du vår neste medarbeidar?