Skip Navigation Links
 
Partnar-nettverk

Elis skal tilby kundane dei beste løysingar innan kundeinformasjonssystem (KIS). Det viser seg at den som vil vere best i alt aleine, ofte ikkje er best i noko. For å lykkast med vår strategi har vi bygd eit sterkt partnar-nettverk med leiande aktørar innanfor vårt fagfelt. Vi trur at gjennom eit forpliktande samarbeid med utvalte kompetente partnarar, aukar den totale verdien for kundane våre.

Gjennom effektive partnarskap har vi betre føresetnader for å etablere nødvendige standardar, og kan difor forenkle den totale heilskap i kundeinformasjonssystem. Saman med partnarane står vi solid rusta til å handtere og gjennomføre framtidige utfordringar.

Saman med partnarane skapar vi meirverdi for kundane.

Til høgre finn du oversikt over samarbeidspartnarane våre.