Elis er ein dynamisk og ubyråkratisk organisasjon. Vi har hatt kontinuerleg vekst sidan 1992, og har pr. dags dato over 60 tilsette. Elis AS er kva den enkelte i organisasjonen gjer det til. Medarbeidarane er vår viktigaste investering og ressurs. Vi har tru på at ansvar og fridom til enkeltindividet, under gitte rammer, totalt fremmar og styrker enkeltmennesket og organisasjonen.
Vi er ein ubyråkratisk organisasjon der medarbeidarane jobbar i ulike avdelingar spesifisert ut frå arbeidsoppgåver og ansvar.
Vil du bli litt betre kjent med våre medarbeidarar finn du oversikt, bilete og kontaktinformasjon for dei ulike avdelingane under "Tilsette" i venstremenyen.
Vi er opptatt av mangfald, og hos oss finn du tilsette med ulik erfaring og utdanningsbakgrunn. Internt legg vi stor vekst på trivsel og godt arbeidsmiljø, for lukkelege menneske arbeider no eingong best. Dette fokus - kombinert med interessant og givande arbeid - har medført at vi har behalde organisasjonen intakt. Kontinuitet kombinert med god tilvekst sikrar at vi beheld den interne kompetansen, og at Elis samtidig blir tilført nye perspektiv. Dette gjer at vi alltid skal vere oppdatert og motivert for å handtere dei utfordringane som kjem.
Våre kundar skal møte trygge, serviceinnstilte og kompetente medarbeidarar som tilfredsstiller dine behov.
Engasjerte menneske står til teneste for di bedrift.