Skip Navigation Links
 
Om Elis
Elis AS er eit av Norges leiande IT-selskap innan utvikling av prosessystem til energibransjen. Sidan verksemda vart etablert i 1992 har vi bidrege til å gjere energibransjen stadig meir effektiv.

Programvara ElWin er i dag marknadens mest moderne og fleksible løysing. Vi tilbyr innovative og kostnadsoptimale løysingar, tenester og tilleggsmodular innan ein brei verdikjede, som spenner langt ut over det ein forstår som tradisjonelle kundeinformasjonssystem (KIS). Vi legg vekt på å forenkle samhøyrande komplekse prosessar utan å miste samanhengane.

Gjennom 18 år i energibransjen har Elis vakse til å bli ein av dei mest anerkjente leverandørane av programvare i Norge. I dag består vi av over 60 høgkompetente medarbeidarar, som held til i topp moderne lokale i Dale i Sunnfjord. Mange av våre tilsette har bakgrunn frå ulike deler av verdikjeden i energibransjen, og supplert med høg it-kompetanse har vi ein heilskapleg forståing som kjem kunden til gode. Samtidig er vi opptatt av å ha ein nær dialog med kundane for å fange opp behov og ønskjer.
 
Elis sine tenester kan delast inn i følgjande hovudområde:
• CRM- og prosessystemet ElWin med integrerte tilleggsprodukt
• Konsulent – rådgjevingstenester
• Kundeservice
• Kurs

Vårt mål er at våre kundar skal lukkast ved at vi leverer innovative, brukarvenlege og kostnadseffektive løysingar og tenester. Det er ein straum av utfordringar både i dag og i framtida, og saman skal vi finne dei gode løysingane.