ElWin ElAnalyse gir oversikt over alt kraft- og nettsal. Ein kan utarbeide talgrunnlag for både historisk og framtidig volum og inntening på kundemassen. ElWin ElAnalyse nyttar tilgjengeleg detaljkunnskap om kvar enkelt kunde til å utarbeide presise analysar av kundemassen og marknaden.
Med ElWin ElAnalyse kan ein definere eigne resultatporteføljer med ulik gruppering. Det kan vere enkeltkundar, kundegrupper eller store kundemassar. På ein slik portefølje kan ein simulere avrekning og få nøyaktige resultatrapportar på volum og inntekt uavhengig av når kundane faktisk blir fakturerte. Ein kan lage detaljerte forbruksprognosar framover i tid både på dag- og timenivå, og ein kan lage oversikt over forventa inntekt.
I ElWin ElAnalyse er det funksjonalitet for å parametersette eigne forbruksmønster for ulike målepunkt, og ein kan definere framtidige prisar. Ein kan også lage marknadsrapportar som gir oversikt over endringar i kundemassen i aktuelle tidsrom.
Løysinga tilbyr vidare å kunne gjere fordelingar av kostnader eller gevinstar av aktiv forvaltning til medlemene av ein portefølje.
ElWin ElAnalyse kan levere data vidare til andre fagsystem på ulike format, og det er også importrutinar frå eksterne kjelder for å få på plass prisar og andre grunnlagsdata.
- Realistisk simulering av forventingar til volum og inntening fram i tid, basert på eit breitt informasjonsgrunnlag, som kontrakter, forbrukskurver, tariffar, fastpris og forwardprisar
- Simulering basert på datavarehusteknologi, med prognosar ned på tariffnivå
- Marknadsrapportering/ leiingsinformasjon: rutinemessig produksjon og presentasjon av nøkkeltalsinformasjon
- Lagring av historiske nøkkeltal i databasen, for seinare bruk i rapporteringssamanheng
- Rapportering av historiske data i kombinasjon med prognosar
- Presentasjon av akkumulerte endringar i porteføljen
- Effektive rutinar for produksjon av tilbod, basert på kjend prisinformasjon og forventingar i marknaden
- Handtering av finansielle kontraktar og effektiv produksjon av grunnlagsdata for porteføljeforvaltning
- Presentasjon av forteneste på avtalenivå ved handtering av finansielle produkt