ElWin er eit marknadsleiande KIS-system i Norge. Enterprise-produktet ElWin dekkjer ulike forretningsområde hos kunden. Vi har konseptualisert vårt tilbod i ulike modular, slik at kunden kan velge frå ein brei meny.
ElWin-plattformen er utgangspunktet for Elis si produktportefølje. Basismodulen ElWin Standard inneheld det grunnleggjande som skal til for å drive eit energiselskap. Modulane ElWeb, ElNett, ElAnalyse og ElProsess gjer selskapet i stand til å effektivisere og optimalisere drifta på ein tidsriktig måte. Til saman utgjer desse fem modulane ElWin – eit modulært kundeinformasjonssystem med integrert utility- og smart metering-funksjonalitet.