Elis ekspanderer i ein marknad som er i stor endring, og våre kundar sine krav og forventningar aukar stadig. Vi treng kompetente og engasjerte medarbeidarar som bidreg til å gi oss eit ekstra løft for å møte morgondagens utfordringar.
Ledig stilling som trainee
Elis ønskjer i samarbeid med Framtidsfylket å tilsette ein trainee med kompetanse innan eitt eller fleire av fagområda IT, pedagogikk, marknadsføring eller elektrofag.
Stillingsannonse – Trainee (søknadsfrist: 15. mars).
Dersom du er ute etter ein utfordrande jobb, ansvar og eit triveleg arbeidsmiljø der vi nyttar det siste innan teknologi, er Elis den rette arbeidsplassen. Vi er ein uformell organisasjon der den enkelte sitt engasjement avgjer kva retning skuta går. For å forsterke kvar enkelt sitt bidrag vektlegg vi samarbeid internt i organisasjonen. Felles innsats, pågangsvilje og tru på konseptet har ført Elis dit vi er i dag.
Vi er stadig på jakt etter dei riktige personane som kan bidra i vår organisasjon. Kanskje er du vår neste medarbeidar?
