Statkraft Varme inngår avtale med Elis


Statkraft Varme AS har inngått avtale med Elis om leveranse av MAFI-tenester med softwareløysinga ElWin i botn. Avtala har ei varigheit på fem år med opsjon på forlenging.

24.10.2011

Statkraft Varme AS er ein leiande aktør innan utbygging og drift av fjernvarme og har drevet med energigjenvinning og fjernvarme sidan 1982. I dag er det 107 tilsette til saman i Norge og Sverige. Avtalen med Elis inkluderer også Statkraft Värme AB i Sverige.

Elis skal bistå Statkraft Varme med teneste- og prosesstøtte under heile verdikjeda frå måling, via avrekning og fakturering til innfordring (MAFI). Tenestene blir levert i samarbeid med MAIK AS. Software-løysinga ElWin skal dei neste åra bidra til å effektivisere forretningskritiske prosessar for selskapet.

”Elis sit på høg kompetanse innan applikasjonsutvikling, med utgangspunkt i marknadens mest innovative programvaremiljø. Statkraft vil få nyte godt av vår breie erfaring frå rådgjeving og kunnskap om tilpassa kundehandtering i den norske energibransjen. Vi i Elis set stor pris på tilliten Statkraft Varme viser ved å velje oss som leverandør,” uttaler sals- og marknadsdirektør i Elis, Stian Madsen.

Avtalen vart signert 30. september 2011.



løysingar

Elis skal alltid vere den leiande og smartaste kunnskapsaktøren med
dei beste produkt og tenester.


tenester

Engasjerte og bransjespesialiserte konsulentar i ein fleksibel organisasjon står til disposisjon for di bedrift.


kurs og arrangement

Elis lever av kunnskapsformidling og
tilbyr eit utval kurskonsept tilpassa
kunden sine behov.


karriere

Elis søkjer no fleire drivande og dedikerte talent som er klare for noko nytt og spennande.

Ledige stillingar

<