Selbu Energiverk AS og Elis har inngått ein 5-årsavtale med opsjon på forlenging for bruk av programplattformen ElWin.
Selbu Energiverk AS (SEV) er eit vertikalintegrert selskap 100% eigd av Selbu kommune. Selskapet har i dag rundt 2700 nettkundar og 2000 kraftkundar. SEV omformer lokale og fornybare energiressursar til nyttig energi, og distribuerer energi til alle i Selbu. Selskapet gir energi til bygda, i form av elektrisitet, arbeidsplassar og økonomisk overskot.
Vi takkar Selbu Energiverk for tilliten dei viser ved å velje Elis som leverandør og ser fram til eit godt samarbeid i tida som kjem.
Avtalen vart underskriven i juli 2011.
Kontaktpersonar
Adm. dir Per Otnes i Selbu Energiverk AS, tlf 73 81 80 00
Dir. marknad Stian Madsen i Elis AS, tlf 57 73 99 70