Ringeriks-Kraft Nett AS har inngått avtale med Elis om bruk av ElWin som kundeinformasjonssystem. Kontrakten inneheld også opsjonar på utviding av modular og funksjonalitet.
Ringeriks-Kraft er med over 20.000 sluttkundar og 90 tilsette ein stor aktør i den norske kraftmarknaden. Ringeriks-Kraft nyttar i dag programvare IS Customer 9.0 frå Logica. No satsar konsernet vidare med Elis som ein viktig støttespelar. Programvara ElWin skal dei neste åra bidra til å effektivisere forretningskritiske prosessar ved å fungere som ein skalerbar motor i faktureringsprosessen, og samtidig understøtte Ringeriks-Kraft sitt kundefokus og satsing innanfor AMS.
”Ringeriks-Kraft har som mål å være en åpen, pålitelig, lydhør og fleksibel leverandør av tjenester for alle i vårt nedslagsområde. I den sammenheng er vi overbevist om at det vil hjelpe oss å ha Elis med på laget, spesielt ved innføring av AMS. Vi ser frem til et godt samarbeid i framtiden,” seier Eli Skamsar, Teamleder avregning i Ringeriks-Kraft.
”Vi i Elis set stor pris på tilliten Ringeriks-Kraft viser ved å velje oss som leverandør. Denne avtala slår fast Elis si rolle som leverandør av forretningskritiske system til også dei mellomstore aktørane i den norske marknaden. Vi står klare til å levere eit produkt og tenester Ringeriks-Kraft vil bli godt nøgde med,” uttaler administrerande direktør i Elis, Johnny Haugsbakk.
Avtalen vart signert 6. mai 2011.
Om Ringeriks-Kraft
Ringeriks-Kraft AS er eit energikonsern eigd av Ringerike kommune (88%) og Hole kommune (12%), som også utgjer konsernet sitt hovudnedslagsfelt. Selskapet sitt hovudformål er kraftproduksjon, varmeproduksjon, omsetning og distribusjon av energi. Ringeriks-Kraft-konsernet har eit sterkt merkenamn i Ringeriksregionen og vil tilby sine kundar etterspurde tenester med høg kvalitet. Konsernet har totalt 90 tilsette, og hovudkontor ligger sentralt i Hønefoss..
Om Elis AS
Elis er ein leiande utviklar og leverandør av programvare for energibransjen i Norge. Programvara ElWin vert nytta til ei rekkje oppgåver og tenester i over 90 kraft- og nettselskap. Elis vart etablert i 1992, har hovudkontor i Dale i Sunnfjord og består i dag av over 60 tilsette.
Kontaktpersonar
Administrerande direktør Johnny Haugsbakk i Elis AS, tlf. 57 73 99 70 eller 915 95 210
Teamleder avregning Eli Skamsar i Ringeriks-Kraft AS, tlf. 32 11 95 62 eller 482 08 391