Hausten og vinteren 2011/12 har Elis reforhandla kontraktar med ei rekkje kundar. Samtlege avtalar er av tre eller fem års varigheit – eit klart signal om langsiktig perspektiv og vilje til å arbeide saman for optimale løysingar.
Elis takkar for tilliten våre kundar viser oss, og ser fram til eit godt og fruktbart samarbeid med samtlege av desse i åra som kjem:
- Fosenkraft
- Andøy Energi
- Gauldal Energi
- Stranda Energiverk
- Lærdal Energi
- Aurland Energiverk
- Vesterålskraft Nett
- Hardanger Energi
- Elverum Energi
- Stange Energi
- Etne Elektrisitetslag
- Voss Energi
Langsiktig samarbeid er viktig for å sikre stadig utvikling og fornying av programvare og tenester. Elis er opptatt av heile tida å tilpasse seg dei krav og utfordringar våre kundar i energibransjen møter, og ser på dette som ein kontinuerleg prosess. Over tid lærer leverandør og kunde kvarandre stadig betre å kjenne, og bygger slik ein relasjon det løner seg å ta vare på.