BKK Energimåling AS ny kunde for Elis


BKK Energimåling opererer innanfor produktområda fordelingsmåling og fellesmåling, og er eit heileigd dotterselskap av BKK AS. Avtalen mellom Elis og BKK Energimåling har tre års varigheit.

02.03.2011

Selskapet bidrar til verdiskaping for kundane ved å utvikle, levere og drifte effektive løysingar for energimåling og fordelingssystem.

- Det er spennande tider i energibransjen, sett i lys av innføringa av AMS. Elis skal bidra til å realisere moglegheitene ved den nye teknologien og dei krav som stillast til marknaden. BKK Energimåling har eit spennande energikonsept, der ein ønskjer å tilby sluttkunden eit ”total-energiprodukt”. Vi har store forventningar til at eit samarbeid med BKK Energimåling vil løfte våre produkt og tenester, uttaler Stian Madsen, sals- og marknadssjef i Elis.

BKK Energimåling vil ta i bruk element frå ElWin-modulane Standard, ElProsess og ElNett. Avtalen mellom Elis og BKK Energimåling AS har 3 års varigheit.

Vi takkar BKK Energimåling AS for tilliten med å velje Elis som leverandør og ser fram til eit godt samarbeid i tida som kjem.



løysingar

Elis skal alltid vere den leiande og smartaste kunnskapsaktøren med
dei beste produkt og tenester.


tenester

Engasjerte og bransjespesialiserte konsulentar i ein fleksibel organisasjon står til disposisjon for di bedrift.


kurs og arrangement

Elis lever av kunnskapsformidling og
tilbyr eit utval kurskonsept tilpassa
kunden sine behov.


karriere

Elis søkjer no fleire drivande og dedikerte talent som er klare for noko nytt og spennande.

Ledige stillingar

<