SFE Kraft overtar Elis-avtale frå Svelgen Kraft


SFE Kraft har inngått avtale om bruk av programvara ElWin levert av Elis AS.

02.03.2011

SFE Kraft har tatt over sluttbrukarverksemda frå Svelgen Kraft AS (tidlegare Elkem Energi Bremanger). Svelgen Kraft har i mange år nytta ElWin som verktøy for å handtere sentrale prosessar i verksemda. No vel SFE å halde fram med Elis som leverandør av kundeinformasjons- og prosessystem.

”Dette gir oss ei muligheit til å prøve ut ei konkurrerande løysing i forhold til vår noverande leverandør. Det vil verte mange endringar innan vår bransje framover i tid og dette set krav til både oss sjølve og alle våre samarbeidspartar. Vi ser fram til eit godt samarbeid med Elis,” seier Bjarne Dybvik, administrerande direktør i SFE Kraft.

”Vi i Elis er glade for at SFE Kraft som ny eigar av Svelgen Kraft vel å vidareføre det gode samarbeidet verksemda har hatt med oss. Elis har vist at vi kan levere løysingar som hever kvaliteten på produkta og tenestene eit selskap som Svelgen Kraft tilbyr. Vi står klare til å tilfredsstille dei krav SFE Kraft vil ha til oss i åra framover ,” uttalar administrerande direktør i Elis, Johnny Haugsbakk.

Avtalen vart signert 8. februar 2011.

Om SFE Kraft

Selskapet SFE Kraft er eit heileigd dotterselskap i SFE-konsernet. SFE Kraft sel elektrisk kraft til sluttbrukarar, både til private kundar og næringskundar. Totalt leverer SFE Kraft i overkant av 1.300 mill. kWh til om lag 21.500 kraftkundar over heile landet. Konsernet sitt kundesenter ligg i SFE Kraft. Hovudkontoret ligg på Sandane.

Om Elis AS

Elis leverer CRM- og prosessystem for energibransjen. Selskapet er ein av landets leiande leverandørar i den norske marknaden. Programvara ElWin vert nytta til ei rekkje oppgåver og tenester i om lag 90 kraft- og nettselskap. Elis vart etablert i 1992, har hovudkontor i Dale i Sunnfjord og består i dag av over 60 tilsette.

Kontaktpersonar

Administrerande direktør Johnny Haugsbakk i Elis AS, tlf. 57 73 99 70 eller 915 95210

Administrerande direktør Bjarne Dybvik i SFE Kraft AS, tlf. 57 88 47 36 eller 905 22 436



løysingar

Elis skal alltid vere den leiande og smartaste kunnskapsaktøren med
dei beste produkt og tenester.


tenester

Engasjerte og bransjespesialiserte konsulentar i ein fleksibel organisasjon står til disposisjon for di bedrift.


kurs og arrangement

Elis lever av kunnskapsformidling og
tilbyr eit utval kurskonsept tilpassa
kunden sine behov.


karriere

Elis søkjer no fleire drivande og dedikerte talent som er klare for noko nytt og spennande.

Ledige stillingar

<