Nye tilsette i Elis


Elis ønskjer fleire nye tilsette velkommen. Rekruttering av kompetent og lærevilleg arbeidskraft er blant dei viktigaste grepa vi tar for å heve servicenivået overfor kundane våre.

07.06.2011

Øyvind Nordal (55) er tilsett som Key Account Manager (KAM) i Elis. Han kjem frå stillinga som sal-, marknad- og partnaransvarleg i Client Computing Norway AS, og startar i jobb hos oss i juni.

I august/september startar ei rekkje nye medarbeidarar i Elis:

Leif Jarle Espedal (39) har sidan 2005 jobba i Telenor Mobil som kundekonsulent, og sidan 2008 vore Fagansvarleg for provisjonskøyringar. Han har gjennomført kurs i prosjektleiing ved BI og deltatt i Talentprogrammet til Telenor.

Kjersti Engvik Nygaard (34) har ein allsidig utdanningsbakgrunn frå universiteta i Bergen og Oslo. Ho har tidlegare jobba i Finansdepartementet, IKAH og SIU, og kjem frå stillinga som konsulent i ErgoGroup.

Peer Jakob Aukland Bridge (34) er utdanna høgskulekandidat økonomi/administrasjon og bachelor elektroingeniør (mekatronikk/ automatisering). Han har yrkeserfaring frå bedrifter i Norge og utlandet.

Håvard Korsvoll (34) har masterutdanning i elektronikk frå NTNU. Han har jobba som Analog Design-ingeniør i selskapa Nordic Semiconductor, Chipidea Microelectronica og Arctic Silicon Devices.

Leif-Arne Skaar (48) er tilsett som ny medarbeider innanfor området økonomi/personal. Han kjem frå stillinga som økonomisjef/leiar intern drift i Fjaler Sparebank.



løysingar

Elis skal alltid vere den leiande og smartaste kunnskapsaktøren med
dei beste produkt og tenester.


tenester

Engasjerte og bransjespesialiserte konsulentar i ein fleksibel organisasjon står til disposisjon for di bedrift.


kurs og arrangement

Elis lever av kunnskapsformidling og
tilbyr eit utval kurskonsept tilpassa
kunden sine behov.


karriere

Elis søkjer no fleire drivande og dedikerte talent som er klare for noko nytt og spennande.

Ledige stillingar

<