Elis kan no tilby kurs i ElWin SMS og ElWin Måleutstyr.
ElWin SMS
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs og evt. ElProsess
Lengde: 1 dag (6 t.)
Muligheitene rundt bruk av SMS i ElWin utvidast stadig og vi har no laga eit eige kurs som tar for seg denne funksjonaliteten.
Målet med kurset er at deltakarane skal få ei forståing for SMS-funksjonaliteten og tenester knytt til denne i ElWin.
Etter endt kurs bør deltakarane vere i stand til sjølvstendig å kunne forstå og tilverke utsendingar via SMS for å tilfredstille verksemda sine behov for effektiv kommunikasjon med kunden. Det vil og bli gitt innføring i bruk av e-postutsending i ElWin i dette kurset.
Viktige stikkord er: Teknisk oppsett, SMS-oversikt, oppretting av kontaktar, målaravlesing, prisvarsling, straumutkopling, standard kundemelding, fakturavarsling, generell utsending (e-post), sendevarsel
------------------------------------------------------------------------------------------------------------
ElWin Målegrupper
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs og Måleutstyr
Lengde: 1 dag (6 t.)
Funksjonaliteten rundt målegrupper i ElWin er stadig i endring. Tilbakemeldingar vi har fått tyder på at potensialet rundt målegrupper ikkje blir nytta fullt ut av mange av våre kundar.
Vi har no laga eit eige kurs der vi tar for oss bruk av Målegrupper i ElWin.
I kurset vil vi gi deg innblikk i bruk av målegrupper, både til kontroll av innmatings- og timesmålte målepunkt. Det vil bli gått gjennom korleis ein nyttar addisjon og subtraksjon mot resultatmålepunkt, også med addisjonsfaktor og multiplikasjonsfaktor, samt for sending og ettersending av verdiar. Deltakarane vil òg få muligheit til å lære om oppsett av verdigrenser på målepunkt. Vi vil òg gå gjennom automatisk eksport av måleverdiar for målegrupper.
Kontaktperson
Dan Ørjan Bauge
Fagansvarleg opplæring Elis AS
Direktetlf.: 57 73 83 11
E-post: dan@elis.no