Året 2010 er på veg mot slutten, og vi skriv snart 2011! Vi i Elis ønskjer å takke for samarbeidet i det gamle året, og samstundes ta eit lite tilbakeblikk.
Den kommande jule- og nyttårstida markerer overgangen til eit spesielt år for Elis. 2011 vert det 20. driftsåret for eit selskap som har vokse raskt frå ei sped byrjing. Gründer Ove Myklebust hadde i 1992 ein idé som passa godt med at den nye energilova slapp laus marknadskreftene. I dag kan Elis og dei over 60 medarbeidarane skilte med solid erfaring og kompetanse innan utvikling og leveranse av programvare og tenester til energibransjen.
All vår erfaring og kompetanse skal også i 2011 komme alle våre kundar til gode. Elis har som mål å jobbe hardare og ikkje minst smartare for å innfri dei forventningane de har til oss som leverandør. Produktstabilitet og tett oppfølging vil også neste år vere sentrale rettesnorer i vårt arbeid for å tilby kvalitet i alle ledd. Vi skal vise at vi i Elis tar kjerneverdiane våre – tilgjengeleg, engasjert, folkeleg og kompetent – på alvor.
For at vi i lag skal løyse dei utfordringane vi møter i kvardagen, er det viktig med ein tett dialog. Engasjerte kundar kan i høg grad vere med på å forme programvare og tenester frå Elis i framtida. Dialogen med kundane vil alltid vere heilt sentral for å kunne tilby eit best mogleg produkt. Konstruktive innspel og synspunkt vil alltid vere velkomne.
Elis vel også i 2010 å gi ein sum til eit godt føremål, i staden for å sende gåver til alle våre kundar og samarbeidspartnarar. Mange av oss kjenner nokre som har fått god hjelp av luftambulansen når ulukka har vore ute. I år gir vi 25 000 kroner til utvikling av eit nasjonalt utviklingssenter for Norsk Luftambulanse. Senteret skal vere ein lærings- og utviklingsarena for den operative tenesta, og skal etter planen opne i Ål i Hallingdal neste år.
Til slutt vil vi takke for at de vel å samarbeide med Elis, og vi ønskjer alle ei roleg og fin julehelg. Vi håper på eit godt og fruktbart samarbeid i 2011.
Vi ønskjer våre kundar og samarbeidspartnarar ei riktig God Jul og eit Godt Nytt År!