(Oslo, 1. mars 2011) Herkules Private Equity Fund III og Elis Holding AS har inngått avtale om å overta finske Process Vision Oy, ein leiande nordisk leverandør av EDM (Energy Data Management), måleverdiløysingar, ERP-system og kompletterande programvare til kraftselskap, nettselskap og kraftbørsar globalt. Saman med dei eksisterande Herkules-investeringane Elis AS og Popkorn AS vil Process Vision Oy bli del av ei større kompetansegruppe som tilbyr programvare- og IT-løysingar til energibransjen. Det kombinerte selskapet vil vere den leiande leverandøren av programvare til energisektoren i Norden.
Process Vision Oy er leverandør av programvareløysingar til energibransjen. Selskapet har hovedkontor i Finland og har i tillegg kundar i Sverige, Tyskland, Polen, Nederland, Sveits, Østerrike, New Zealand og Norge. For kraftsektoren i Nord-Europa har Process Vision ein leiande posisjon innan måleverdidatabaser (MDMS) og EDM for elektrisitets-, gass-, fjernvarme- og vannanlegg, i tillegg til eit bredt tilbod av kompletterande system inkludert kundeinformasjonssystem (KIS).
Herkules III vil overta 100 % av aksjene i Process Vision, og administrerande direktør og andre nøkkelpersonar i Process Vision si leiing vil reinvestere i holdingselskapet som eig Process Vision, Elis og Popkorn. Den nye gruppa vil ha ei omsetning i 2011 på rundt NOK 230 millionar. Simo Makkonen, adm. dir. i Process Vision, uttaler at: ”vi er sikre på at den kombinerte enheten vil være en foretrukket leverandør for energiselskap i Norden, og at våre systemer og løsninger har et lovende internasjonalt potensial.” Adm. dir. i Elis, Johnny Haugsbakk, legg til at ”vi er svært nøgde med å inkludere Process Vision i gruppa, og ser fram til å samarbeide i dei kommande svært spennande åra for energibransjen”.
Marknaden for programvareløysingar til energisektoren er i rask utvikling og ventast å ha ekstraordinært sterk etterspørselsvekst dei kommande åra. I Norge vil den planlagte utrullinga av AMS (avanserte måle- og styringssystem) innan 2016 føre til økt etterspørsel etter MDMS og KIS. I Sverige vil overgangen til måling på timebasis medføre høg etterspørsel etter kompatibel programvare, og neste generasjon smart-måling i Finland vil krevje større oppgraderingar av løysningane til energiselskapa. Samtidig blir det arbeidd med muligheiter knytt til innføring av ein felles nordisk sluttbrukarmarknad. Process Vision, Elis og Popkorn har vist sterk utvikling med høg vekst i etterspørsel og omsetning, og gode resultat. Selskapa kompletterer kvarandre godt i forhold til geografi, kompetanse- og produkttilbod, og vil bli ein kvalifisert og sterk tilbydar av marknadsleiande løysingar til energisektoren i Europa. ”Vi er svært fornøyd med kjøpene av Process Vision, Elis og Popkorn, og mener vi har kombinert tre innovative og foretrukne leverandører som sammen vil bli en viktig aktør innen programvaremarkedet for energisektoren,” sier Rikke T. Reinemo, Partner i Herkules Capital.
Kontakt:
Rikke T. Reinemo, Partner i Herkules Capital
Telefon: +47 22 04 80 00
Simo Makkonen, adm. dir. i Process Vision
Telefon: +358 40 545 2200
Johnny Haugsbakk, adm. dir. i Elis
Telefon: +47 915 95210
Elis AS er eit leiande norsk IT-selskap innan utvikling av CRM- og prosessystem til energibransjen. Elis har i dag 90 installasjonar i marknaden av sitt produkt ElWin. Selskapet har 65 tilsette, ei omsetning på 65 millionar, og er lokalisert i Dale i Sunnfjord. For meir informasjon, sjå: www.elis.no
Popkorn AS ble etablert 6. april 2005 på Hamar. Etter 5 år med kraftig vekst teller bedriften i dag 35 ansatte og omsetter for 30 millioner kroner. Selskapet er lokalisert på Hamar, Lillehammer og i Linköping i Sverige. For mer informasjon se: www.popkorn.no
Herkules består av tre investeringsfond med en samlet kapitalbase på NOK 12,25 milliarder i kommittert kapital fra norske og internasjonale investorer. Herkules har finansiell styrke som gjør det mulig å ta dominerende eierposisjoner i etablerte selskap med potensial for videreutvikling. Porteføljeselskap i Herkules-fondene er Pronova BioPharma, Noratel, European House of Beds, Beerenberg Corp., Nille, Micro Matic Norge, Tilbords, Hatteland Display, EFG European Furniture Group, Aibel, Nevion, Estrella Maarud, Gothia Financial Group, Projectiondesign, Bandak, New Store Europe, Elis, Odlo Sports Group og Intelecom. Mer informasjon finnes på: www.herkules.no