Hemne og Oppdal teiknar nye avtaler


Hemne Kraftlag og Oppdal Everk har teikna nye avtaler med Elis.

14.02.2011

Både Hemne og Oppdal har mange år bak seg som Elis-kundar og ElWin-brukarar. I februar 2011 valde begge selskap å fornye sine bruksretts- og vedlikehaldsavtaler. Hemne har signert for tre nye år, medan Oppdal har valt å fornye for fem år fram i tid.

Elis takkar Oppdal Everk AS og Hemne Kraftlag SA for tilliten selskapa viser ved å halde fram med oss som leverandør. Vi ser fram til eit fortsatt godt samarbeid i tida som kjem.

Om Oppdal Everk AS
Oppdal kommune eig Oppdal Everk AS, som vart stifta i 1932. Selskapet har som visjon å vere ein kundeorientert, miljøbevisst og konkurransedyktig leverandør av energi og nett-tenester.

Om Hemne Kraftlag SA
Hemne Kraftlag SA er organisert som eit samvirkeforetak, eigd av kundane, Hemne kommune og Snillfjord kommune. Kjerneverksemda er overføring og salg av elektrisk energi i eit forsyningsområde med ei geografisk utstrekning på om lag 1141 km2. Selskapet driv også øvrig handel og anna næringsverksemd knytt til sal av energi.



løysingar

Elis skal alltid vere den leiande og smartaste kunnskapsaktøren med
dei beste produkt og tenester.


tenester

Engasjerte og bransjespesialiserte konsulentar i ein fleksibel organisasjon står til disposisjon for di bedrift.


kurs og arrangement

Elis lever av kunnskapsformidling og
tilbyr eit utval kurskonsept tilpassa
kunden sine behov.


karriere

Elis søkjer no fleire drivande og dedikerte talent som er klare for noko nytt og spennande.

Ledige stillingar

<