Elis takkar alle kundar og samarbeidspartnarar for året som snart er omme, og ønskjer dykk ei god jul og eit godt nytt år. Årets julegåve går til Frelsesarmeen sitt gode arbeid.
Elis vel også i 2011 å gi ein sum til eit godt føremål, i staden for å sende gåver til alle våre kundar og samarbeidspartnarar.
I år støttar vi Frelsesarmeen. Frelsesarmeen er ein organisasjon med mangfald og særpreg som viser omsorg for heile mennesket. Dei bidrar til at vanskelegstilte i Norge kan gå framtida i møte med håp. Les meir her: www.frelsesarmeen.no.
Elis takkar for godt samarbeid i året som snart er omme, og ønskjer dykk alle ei god jul og eit godt nytt år.