Gard Skari begynner i oktober som finansdirektør i Elis Holding.
Gard Skari (43) er tilsett som finansdirektør (CFO) i Elis Holding AS. Skari kjem frå stillinga som Financial Director i Hewlett Packard Norge, etter tidlegare å ha jobba sju år som Financial Director i SAP Norge. Han har ein Master of Science i økonomi frå Handelshøyskolen BI.
Skari tiltrer stillinga 3. oktober 2011, og vil rapportere til administrerande direktør i Elis Holding, Åge Lønning. Stillinga er Oslo-basert, men Skari vil tilbringe mykje tid ute hos dei respektive selskapa i Elis Holding.
Vi ønskjer Gard velkommen som finansdirektør i vårt konsern.