Fortum gjekk i drift med ElWin måndag 7. juni. Selskapet vil ta i bruk element frå alle modulane i ElWin: Standard, ElProsess, ElAnalyse, ElWeb og ElNett.
Fortum Distribution bygger, vedlikeheld og driftar overføringsnettet i Østfold. Fortum utfører også ein del lovpålagte oppgåver innan elsikkerhet. Selskapet har totalt rundt 100 000 sluttkundar. Fortum i Norge er ein del av det finske energikonsernet Fortum Oj, som er eit leiande energiselskap i Norden, delar av Østersjøområdet og Russland. Fortum produserer, distribuerer og seljer elektrisitet og varme, driftar og vedlikeheld kraftverk og andre industrianlegg, samt leverer energirelaterte tenester.
Elis takkar Fortum for tilliten med å velje Elis som leverandør, og ser fram til eit godt samarbeid i tida som kjem.