Elis og Popkorn får same eigar


Herkules Private Equity Fund III har inngått avtale om kjøp av konsulentselskapet Popkorn AS. Popkorn AS vil saman med softwareselskapet Elis AS bli del av eit større kompetansemiljø i Norge. Selskapa vil ha 100 høgt kvalifiserte IT-konsulentar med erfaring og kompetanse til å gjennomføre større totalprosjekt.

28.01.2011

Elis og Popkorn vil saman vere eit sterkt kompetansemiljø innanfor utvikling og konsulentverksemd basert på Oracle og Microsoft sine løysingar og produkt. Energiselskapa nytter i dag mange ulike system og fagapplikasjonar, og vil møte utfordringar med å integrere informasjons- og prosessflyten i ein felles IT-arkitektur. Saman vil Popkorn og Elis kunne tilby leiande kompetanse innanfor rådgjeving, arkitektur, utvikling og integrasjon av IT-løysingar.

Energibransjen er i kontinuerlig endring og det skal investerast tungt i AMS-prosjekt (avanserte måle- og styringssystem) dei kommande åra. Myndigheitene legg føringar for å framskynde innføring av AMS, og prosjekt og investeringar vil komme raskt på kundane. Samtidig blir det arbeidd med moglegheiter for innføring av eit felles nordisk sluttbrukermarked.

”Omstillingene i energibransjen vil være betydelige, og markedet vil i fremtiden ha stort behov for software og konsulenttjenester. Elis og Popkorn vil sammen bli en ledende leverandør i det nordiske energimarkedet ved å kunne tilby et større totalansvar for sentrale systemer og prosesser,” seier partner i Herkules Capital, Rikke T. Reinemo.

Popkorn har sidan 2005 bygga seg opp som eit sterkt konsulentmiljø med fotfeste på Østlandet, og har ambisjonar om fortsatt stor vekst. Popkorn har 35 høgt utdanna IT-konsulentaer og nordiske kundar innan bransjene energi, bank/finans, telekom og offentlig sektor. Gjennom nytt eigarskap i Popkorn blir det tilført verdifulle ressursar, ny kunnskap og fleire produkt, som vil styrke leveransane til eksisterande og nye kundar. Daglig leiar i Popkorn, Bjørn Oustad, uttrykker at: ”Vårt ønske om å skape et av Norges beste fagmiljøer og en av Norges beste arbeidsplasser styrkes gjennom nytt eierskap og samarbeid med Elis. Popkorn har stor tro på dette og ser frem mot fortsatt vekst i et utfordrende og interessant marked.”

Popkorns leiande ansatte vil fortsette i selskapet, også med ein eigarposisjon. Under føresetnad av Konkurransetilsynet si godkjenning vil Herkules overta hovudeigarandelen i selskapet i midten av februar 2011.

Popkorn AS vart etablert 6. april 2005 på Hamar. Etter 5 år med kraftig vekst tel bedriften i dag 35 ansatte og omset for 30 millionar kroner. Selskapet er lokalisert på Hamar, Lillehammer og i Linköping i Sverige. For meir informasjon sjå: www.popkorn.no

Elis er eit leiande norsk IT-selskap innan utvikling av CRM- og prosessystem til energibransjen. Elis har i dag 90 installasjonar i marknaden av sitt produkt ElWin. Selskapet har 65 ansatte, omset for 65 millionar, og er lokalisert i Dale i Sunnfjord. For meir informasjon sjå: www.elis.no

Herkules består av tre investeringsfond med ein samla kapitalbase på NOK 12,25 milliarder i kommittert kapital fra norske og internasjonale investorar. Herkules har finansiell styrke som gjer det mogleg å ta dominerande eigarposisjonar i etablerte selskap med potensial for vidareutvikling. Porteføljeselskap i Herkules-fonda er Pronova BioPharma, Noratel, European House of Beds, Beerenberg Corp., Nille, Micro Matic Norge, Tilbords, Hatteland Display, EFG European Furniture Group, Aibel, Nevion, Estrella Maarud, Gothia Financial Group, Projectiondesign, Bandak, New Store Europe, Elis, Odlo Sports Group og Intelecom. Mer informasjon på: www.herkules.no

Kontakt:

Bjørn Oustad, Daglig leder i Popkorn
Telefon: 932 49 966

Johnny Haugsbakk, CEO i Elis
Telefon: 915 95 210

Rikke T. Reinemo, Partner i Herkules Capital
Telefon: 22 04 80 00



løysingar

Elis skal alltid vere den leiande og smartaste kunnskapsaktøren med
dei beste produkt og tenester.


tenester

Engasjerte og bransjespesialiserte konsulentar i ein fleksibel organisasjon står til disposisjon for di bedrift.


kurs og arrangement

Elis lever av kunnskapsformidling og
tilbyr eit utval kurskonsept tilpassa
kunden sine behov.


karriere

Elis søkjer no fleire drivande og dedikerte talent som er klare for noko nytt og spennande.

Ledige stillingar

<