Elis AS vart i oktober godkjend som Gold Certified Partner av Microsoft. Sertifiseringa er eit bevis på at selskapet sit med solid kompetanse innanfor Microsoft sine produkt og teknologiar.
- Status som Gold Certified Partner er eit kvalitetsstempel for vår Microsoft-kompetanse. Det er viktig for våre kundar at Microsoft går god for våre miljø, og denne sertifiseringa vil vere ein kvalitetsgaranti for kundane våre, uttaler Sven Naustdal, produktsjef i Elis.
Sertifiseringa er eit resultat av ein prosess der kompetanse, kvalitet i gjennomførte prosjekt, kundetilfredsheit og eigenutvikla rammeverk er vurdert av Microsoft. Vurderinga av Elis er gjort innanfor ei rekkje kompetanseområde.
- Sertifiseringa gir oss prioritet i Microsoft-systemet. Vi vil nyte godt av tidleg informasjon og rask tilgang til oppdateringar og ny teknologi, seier Naustdal.
Den siste tida har Elis hatt fokus på sertifisering av produkt og teknologi. No står sertifisering av arbeidskraft for tur. Ein del av dei tilsette skal sikrast Microsoft-godkjenning på sine respektive fagområde.
Programvara ElWin er allereie sertifisert for Windows 7.