Digipost


Elis har inngått samarbeid med Posten Norge for å kunne sende faktura og anna informasjon elektronisk gjennom Digipost – Postens nye digitale postsystem.

21.10.2011

Alle Elis-kundar som bruker programplattformen ElWin kan nå enkelt sende faktura og anna viktig informasjon til sine kundar elektronisk gjennom Digipost.

Vi ønskjer å tilby våre kundar muligheit til enkelt å ta i bruk denne kanalen, ettersom Digipost er ein kosteffektiv, enkel og sikker måte å distribuere faktura og anna informasjon på. Vi meiner at tenesta vil bidra til at Elis i framtida yter enno betre tenester overfor kundane våre, seier Stian Madsen, sals- og marknadsdirektør i Elis.

Enkelt og oversiktleg
Digitale meldingar er nå ein del av kvardagen til folk. Utfordringa er at kvar bedrift har sitt system og mottakarane må sjølv oppsøke fleire e-postkontoar, logge seg på heimesidene til bankar, forsikringsselskap og offentlige etatar. Med Posten sin nye digitale postkasse er det enkelt å sende, motta, behandle og arkivere viktig post. Systemet har et like høgt sikkerhetsnivå som nettbankane og er svært enkelt å ta i bruk.

Over 150.000 nordmenn har aktivert sin eigen Digipostkasse via www.digipost.no med ønske om å få sin post sendt hit.

 Fakta om Digipost:
• Alle innbyggarar over 15 år har fått tilgang til sin eigen postkasse
• Løysing er laga for at post kan både sendast, mottakast og arkiverast
• Tjenesta er nettbasert og du vel eige passord for pålogging
• All data blir sendt og lagra kryptert
• Samme sikkerhetsnivå som nettbankane - krev BankID eller Buypass



løysingar

Elis skal alltid vere den leiande og smartaste kunnskapsaktøren med
dei beste produkt og tenester.


tenester

Engasjerte og bransjespesialiserte konsulentar i ein fleksibel organisasjon står til disposisjon for di bedrift.


kurs og arrangement

Elis lever av kunnskapsformidling og
tilbyr eit utval kurskonsept tilpassa
kunden sine behov.


karriere

Elis søkjer no fleire drivande og dedikerte talent som er klare for noko nytt og spennande.

Ledige stillingar

<