For å realisere nytteverdi for energiselskapa, må applikasjonane samspele meir dynamisk i framtida. Innanfor tenestebaserte integrasjonar fokuserer Elis alltid på å løyse arbeidsprosessane for kundane våre. Vi har fokus på gode 2-punktsintegrasjonar som leverast tilnærma som plug & play.
Frontend-leverandørar
Våre løysingar handterer dialogen mot frontend-systemet og måleverdiane på ein effektiv måte. Grunnfunksjonaliteten for målar- og måleverdihandtering er uavhengig av leverandør. For å handtere forskjellane mellom målarane, har vi utvikla API som støtter dei ulike frontendsystema og leverer mellom anna integrasjonar for utveksling av målarinformasjon, direkteavlesing, planlagt avlesing, automatisering av nødvendige avlesingar og stenging.
Arbeidsordresystem
Behov for kontroll og sporbarheit undervegs i utrullings- og vedlikeholdsprosessar aukar etter kvart som innføringa av målarar med kommunikasjon nærmar seg. Dette gjeld status undervegs i prosessen, tidspunkt for når ulike handlingar er utført og kven som har utført kva. For å effektivisere dette arbeidet søkjer vi elektronisk og i stor grad automatisk arbeidsordreflyt.
Vi tilbyr verktøy for logging, sporbarheit og kontroll ved hjelp av sjekklister på at alle deloppgåvene i eit oppdrag blir utført. Det er laga støtte for eksport til mobile einingar og import av bilde med tanke på dokumentasjon for å forenkle arbeidsdagen til den utførande part.
API
Elis utviklar eit webservice-standardgrensesnitt for utveksling av data. Dette API-et vil i tillegg til målarrelatert informasjon, også omfatte funksjonalitet knytt til mellom anna kunde, kontrakt, anlegg og fakturainformasjon. Slik vi ser dei framtidige behova for datautveksling, antar vi at det vil vere eit kontinuerleg behov for vidareutvikling av API.
Der det blir behov for skreddarsøm, ønskjer vi i fellesskap med dei involverte partane å arbeide fram gode løysingar. Vi har tru på skreddarsøm med standardløysinga i botn vil sikre oss ei kostnadseffektiv løysing utan for stor kompleksitet når det kjem til vidareutvikling og vedlikehald.