AMS


For Elis handlar AMS om å automatisere arbeidsprosessane hos våre kundar, samt skape verdiaukande tenester for sluttkunden. I denne samanheng er det forretningskritisk at alle applikasjonar kommuniserer gjennom effektive og fleksible grensesnitt.

Energibransjen vil oppleve ei modernisering, og energiselskap vil gå i ulike retningar innanfor kjerneverksemd og utviding av nye forretningsområde. Elis skal vere ein leverandør og samarbeidspartnar for alle, og ein aktiv pådrivar for dynamiske og prosessrelaterte integrasjonar. Gjennom tett dialog med våre samarbeidspartnarar har vi utvikla moderne og automatiserte kommunikasjonsløysingar som effektiviserer kvardagen til energiselskapa.

Elis er godt i gang med gjennomføring av AMS-prosjekt. Vi jobbar tett med våre kundar for å møte deira behov for smart funksjonalitet. Den nye infrastrukturen for måling inneber auka kvalitetskontroll med forbruk og der igjennom forbetra kundeservice. Ikkje minst vil dette også opne for utvikling av nye og spennande forretningsmoglegheiter, som vi skal gripe.

Sjå meny til venstre for meir informasjon om kva vi kan tilby.



løysingar

Elis skal alltid vere den leiande og smartaste kunnskapsaktøren med
dei beste produkt og tenester.


tenester

Engasjerte og bransjespesialiserte konsulentar i ein fleksibel organisasjon står til disposisjon for di bedrift.


kurs og arrangement

Elis lever av kunnskapsformidling og
tilbyr eit utval kurskonsept tilpassa
kunden sine behov.


karriere

Elis søkjer no fleire drivande og dedikerte talent som er klare for noko nytt og spennande.

Ledige stillingar

<