Vår posisjon er eit resultat av 20 års erfaring frå målretta utvikling av eit leiande kompetansemiljø innanfor energi og teknologi. Verdien vår er å forstå våre kundar sine forretningsmessige behov, og realisere innovative produkt og tenester i tett samarbeid med kundane.
Energimarknaden har opplevd eit løft der teknologi og kundekommunikasjon har endra store delar av arbeidsprosessane. For å realisere morgondagens løysingar har vi arbeida målretta for å skape synergiar mellom tradisjonell energi og nærliggande bransjar som telekom. Denne kunnskapen viser seg viktig når vi saman med våre kundar skal modernisere energibransjen ved innføring av AMS og ein felles nordisk sluttbrukarmarknad. Kundekommunikasjon og automatisering av arbeidsprosessar vil alltid vere vårt fokusområde for alle løysingar.
ElWin er eit Enterprise-system som også handterer breibandsprodukt i Triple-Play-sortimentet. Vi har løysingar for både opne og lukka nett, samt ulike overføringsteknologiar. Det er etablert dynamiske integrasjonar mot fleire provisjoneringssystem.
Vårt bodskap er vår forretningsidé: Elis skal til einkvar tid vere den leiande kunnskapsaktøren med dei beste produkt og tenester innanfor våre bransjar. Våre kundar skal realisere effektivitet og meirverdi ved bruk av våre produkt og tenester.
Sjå meny til venstre om du vil lese meir om kva bransjar vi leverer produkt og tenester til.