|
13. mars Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 1. mars
Thon Hotel Nordlys, Bodø
|
ElWin Grunnkurs (1 dg.)
Kurset er praktisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe i ElWin etter kvart som nye emne blir gjennomgått. Det vil og bli lagt opp til oppgåveløysing, direkte i ElWin.
Anbefalt forkunnskap: Ingen |
I dette kurset får ein innsyn i oppbygging og samanheng mellom skjermbileta i ElWin. Deltakarane lærer å søke fram relevant informasjon, samt navigere (traversere) mellom dei ulike skjermbileta. Det vil og bli gått gjennom korleis ein som brukar kan utføre vanlege jobbar/handlingar mot kontrakta (abonnementet) til sluttkundane. I kurset vil vi og ta for oss eksport av data frå ElWin, samt produksjon av dokument som skal sendast til sluttkunden.
|
|
14. og 15. mars Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 1. mars
Thon Hotel Nordlys, Bodø
|
ElWin Kundeservice (2 dg.)
Kurset er praktisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe i ElWin etter kvart som nye emne blir gjennomgått. Det vil og bli lagt opp til oppgåveløysing, direkte i ElWin.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs |
I løpet av kurset vil deltakarane lære korleis ein registrerar viktige data som kundeinformasjon, anleggsinformasjon og kontraktinformasjon (abonnementsinformasjon). Det vil og bli gått gjennom korleis ein utfører daglege arbeidsoppgåver som adresseendring, avlesing, opphøyr osv. Andre viktige emne er leverandørbytte, tariffendring, overtaking og korrigering av måleverdiar.
|
|
22. og 23. mars Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 6. mars
Thon Hotel Nordlys, Bodø
|
ElWin Fakturering (2 dg.)
Kurset er praktisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe i ElWin etter kvart som nye emne blir gjennomgått. Det vil og bli lagt opp til oppgåveløysing, direkte i ElWin.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs + Kundeservice |
Eit kurs som tar for seg heile fakturering-løpet i ElWin, frå kontroll av måleverdiar og tariffar, til ferdig utskrift av faktura. Kurset passar for alle som skal jobbe med avrekning av kundar i ElWin.Deltakarane vil lære både avrekning av enkeltkundar og avrekning av ei større kundemasse. Andre viktige emne er produksjon og kontroll av fakturaforslag, kontroll av reskontrogrunnlag, produksjon av faktura og print/printfil.
|
|
17. og 18. april Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 2. april
Thon Hotel Nordlys, Bodø
|
ElWin Reskontro (2 dg.)
Kurset er praktisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe i ElWin etter kvart som nye emne blir gjennomgått. Det vil og bli lagt opp til oppgåveløysing, direkte i ElWin.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs + Kundeservice + Fakturering |
I dette kurset tar vi utgangspunkt i Kundereskontro-biletet, og deltakarane får muligheit til å lære meir om enkeltbehandling av kundereskontroar, beløpsmelding, avskriving, kryssing og betalingsavtalar. Vidare ser vi på betalingsvilkår som generelle betalingsbetingelser, purregrupper og BBS-avtalar. Oppdater Reskontro er eit sentralt emne kor vi ser nærare på bla. fakturering og rentenota, samlefaktura, avskrivingar, remittering og purring/inkasso/stenging.
Andre viktige stikkord er import (OCR-innbetaling, egiroinnbetaling, kvitteringsfiler, inkasso), eksport (remittering, inkasso, avtalegiro, efaktura) og periodisering (samlebilag, posteringsbilag, rekneskapsår og eksport av rekneskap).
|
|
24. april Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 9. april
Thon Hotel Nordlys, Bodø
|
Meldingsutveksling for Kraftleverandørar (1 dg.) Tilpassa kurs!
Kurset er hovudsakleg teoretisk retta der kurshaldar held ein grundig gjennomgang. Det vil og vere muleg for deltakarar å jobbe med oppgåveløysing i ElWin.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs + kunnskap om EDI-meldingsutveksling mellom netteigar/kraftleverandør |
Eit kurs som passar for alle som skal jobbe med utveksling av EDI-meldingar mellom kraftleverandør og netteigar.
Dersom du deltar på dette kurset vil du få god innsikt i korleis EDI-meldingar blir behandla i ElWin. Kurset startar med ein gjennomgang av ulike meldingstypar. Vidare blir fokus på leverandøravrekning (MSCONS, UTILTS), saldooppgjer, korreksjonsoppgjer, standmeldingar og meldingsutveksling i samband med leverandørbyte og målarbyte. Det vil og bli ein gjennomgang i bruk av dei mange rapportane i ElWin, knytt til meldingsutveksling.
|
|
25. og 26. april Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 9. april
Thon Hotel Nordlys, Bodø
|
Meldingsutveksling for Netteigarar (2 dg.) Tilpassa kurs!
Kurset er hovudsakleg teoretisk retta der kurshaldar held ein grundig gjennomgang. Det vil og vere muleg for deltakarar å jobbe med oppgåveløysing i ElWin.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs + kunnskap om EDI-meldingsutveksling mellom netteigar/kraftleverandør |
Eit kurs som passar for alle som skal jobbe med utveksling av EDI-meldingar mellom kraftleverandør og netteigar.
Dersom du deltar på dette kurset vil du få god innsikt i korleis EDI-meldingar blir behandla i ElWin. Kurset startar med ein gjennomgang av ulike meldingstypar. Vidare blir fokus på leverandøravrekning (MSCONS, UTILTS), saldooppgjer, korreksjonsoppgjer, standmeldingar og meldingsutveksling i samband med leverandørbyte og målarbyte. Det vil og bli ein gjennomgang i bruk av dei mange rapportane i ElWin, knytt til meldingsutveksling.
|
|
8. mai Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 6.april
Thon Slottsparken, Oslo
|
ElWin ElProsess (1 dg.)
Kurset er praktisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe i ElProsess etter kvart som nye emne blir gjennomgått. Det vil og bli lagt opp til oppgåveløysing, direkte i ElProsess.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs |
I dette kurset vil du få ein god gjennomgang av oppbygging og bruk av dei skjermbileta ein nyttar til dagen i ElProsess. Kurset startar med ein gjennomgang av Startsida (skjermbilete med oversikt over saker). Vidare blir det innføring i skjermbileta Kundestatus og Saksbiletet. Dette er hovudsaklig dei skjermbileta ein nyttar i den daglege kontakten med kunden og sakshandtering internt i verksemda (kundeinformasjon, sending av e-post og SMS mm.).
Sentralt står og skjermbiletet Meldingsimport. I dette biletet har ein oversikt over status på e-postar og SMS som er sendt eller mottatt. Andre stikkord er aktivitetskalender, spørsmål og svar-modul og parameteroppsett pr. brukar.
|
|
9. mai Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 6. april
Thon Slottsparken, Oslo
|
ElWin Måleutstyr (1 dg.)
Kurset er praktisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe i ElWin etter kvart som nye emne blir gjennomgått. Det vil og bli lagt opp til oppgåveløysing, direkte i ElWin.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs + kunnskap om korleis måleutstyr vert registrert hos selskapet som skal nytte ElWin
|
I dette kurset vil ein først få ein generell gjennomgang av måleutstyr. Vidare blir det ein grunnleggande gjennomgang av oppbygging og samanheng mellom dei relevante skjermbileta i ElWin. I løpet av dagen vil det og bli gjennomgått korleis ein registrerar måleutstyr (målar, straumtrafo, terminal, osv.). Sentralt står og montering/demontering av måleutstyr.
|
|
22. mai Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 19. april
Thon Slottsparken, Oslo
|
ElWin Dokumentstyring brukarkurs (1 dg.)
Kurset er praktisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe i ElWin etter kvart som nye emne blir gjennomgått. Det vil og bli lagt opp til oppgåveløysing, direkte i ElWin.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs + SQL Intro
|
Deltakarane vil i dette kurset lære å bruke malar og masseutsendingar. Det vil og bli gått gjennom korleis dokument blir lagra i ElWin. Ein vil og få innføring i korleis ein søker i lagra dokument, og korleis ein arkiverar filer.
|
|
23. mai Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 19. april
Thon Slottsparken, Oslo
|
SQL Intro (1 dg.)
Kurset er praktisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe med/ lage eigne SQL-spørringar i ElWin.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs |
Dette er eit kurs som opphavleg vart oppretta som forkurs til kurs i Dokumentstyring, men er og veleigna for dei utan forkunnskapar som skal lage datauttrekk på eiga hand.
Mange opplever behov for ta utplukk av ulike data frå ElWin. I dette kurset lærer du å skrive utvalsspørjingar på eige hand. Det vil og bli lagt vekt på den grunnleggjande datamodellen i ElWin, slik at deltakarane kan bli litt kjent i tabell-verket i ElWin.
|
|
24. mai Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 19. april
Thon Slottsparken, Oslo
|
ElWin Standardrapportar (1 dg.)
Kurset er delvis praktisk/teoretisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe i ElWin etter kvart som nye emne blir gjennomgått.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs |
Deltakarane vil i dette kurset få ei god innføring i rapportverktøyet “SQL-rapportgenerator” i ElWin. Ein vil og få kjennskap til dei mest brukte Standardrapportane i ElWin, og korleis ein nyttar desse.
|
|
5. juni Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 3. mai
Thon Slottsparken, Oslo
Påmelding
|
ElWin ElAnalyse (1 dg.)
Kurset er praktisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe med verktøyet i ElWin. Det vil og bli lagt opp til oppgåveløysing, direkte i ElWin.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs + kurs i Fakturering og/eller kurs i Vidaregåande rapportering |
ElAnalyse er eit verktøy i ElWin for å simulere forventingar til volum og inntening fram i tid, ut frå all kjent informasjon om kontraktar, tariffar, prisar, forbrukskurver osv. Samtidig kan datavarehuset byggjast for rapportering/kontroll bakover i tid.
I kurset vil du får ein grundig gjennomgang av kva ElAnalyse kan brukast til. Det vil og bli ein grundig gjennomgang av dei ulike skjermbileta som blir nytta i ElAnalyse. Rapportering og datauttrekk er sentralt og vil bli lagt vekt på.
|
|
12. og 13. juni Kl 09-15
Påmeldingsfrist: 10. mai
Thon Slottsparken, Oslo
Påmelding
|
ElWin Tilsyn (2 dg.)
Kurset er praktisk retta. Dvs. at deltakarane får muligheit til å jobbe i ElWin etter kvart som nye emne blir gjennomgått. Det vil og bli lagt opp til oppgåveløysing, direkte i ElWin samt i web-grensesnittet.
Anbefalt forkunnskap: Grunnkurs + kunnskap til tilsyn av elektriske anlegg |
Kurset startar med ein gjennomgang av grunnlagsdata som må vere på plass for at ein skal kunne jobbe optimalt med Tilsynsrapportar i ElWin. Vidare blir det tatt ein fullstendig gjennomgang av periodiske kontrollar. Andre viktige delar av kurset er og web-grensesnittet for ElWin Tilsyn, utskrift av rapportar på forskjellige nivå, virksomhetstilsyn, over/underanlegg, over/under rapport og rapportering til DSB.
|