Kurs og workshop


Elis organiserer på forespørsel kurs, workshop eller seminar rundt dei tema våre kundar føler behov for. Ta kontakt med fagansvarleg opplæring Dan Ørjan Bauge for meir informasjon.

Temadag
På desse dagane ønskjer vi ein dialog og diskusjon med våre kundar på eit bestemt emne. Slike dagar er tiltenkt at vi i fellesskap skal komme fram til gode og fornuftige løysingar i programvara som de som kundar og vi som leverandør kan vere fornøgd med.

Brukarseminar
Vi tilbyr ein felles gjennomgang av utvalte tema for våre kundar. Målet vårt er å gi innblikk og forståing av ny funksjonalitet i ElWin. På slike seminar samlar vi gjerne fleire kundar enn ved temadagar. Det vert lagt opp til demonstrasjon, diskusjon og gjennomgang av det aktuelle tema.

Kurs
Vi tilbyr våre kundar kurs i ulike emne i ElWin. Kvart kurs vil så langt som mogleg vere tilpassa deltakarane sitt behov innanfor det valte området. På våre kursdagar er det lagt opp til ei blanding mellom gjennomgang i plenum og oppgåveløysing på eigne pc-ar. Kursdokumentasjon er inkludert i prisen.

Webinar
Eit seminar via internett der kommunikasjonen føregår éin veg. Alt ein trenger å gjere er å registrere seg via link. Ein vil da få tilsendt e-post med bekreftelse på påmelding. Presentasjonen (1-2 t.) kan ein følgje med både lyd og bilde, direkte frå PC. Deltakarane får muligheit til å stille spørsmål via chat.

Workshop
Ein workshop skreddarsyr vi i fellesskap med kunden – det er kunden som legg føringar for kva tema/problemstillingar de ønskjer konsulentbistand til. Ein av våre erfarne konsulentar vil då arbeide med dykk i ein reell driftssituasjon. Etter vår erfaring er dette ei god løysing som bidreg til å forbetre og tilpasse bruken av ElWin, slik at programmet vert utnytta optimalt.

Online Workshop
Vi har utvida tenestetilbodet vårt, og kan no tilby dykk ”nettmøter”. Med dette verktøyet kan vi tilby våre kundar bl.a. gjennomgang, demonstrasjonar, rettleiing og hjelp i bruken av ElWin over internett og eventuell telefonkonferanse. Slike gjennomgangar vil i mange tilfeller vere kortare enn ein vanleg arbeidsdag, og vil derfor bli lettare å tilpasse til den travle arbeidssituasjonen mange har.



løysingar

Elis skal alltid vere den leiande og smartaste kunnskapsaktøren med
dei beste produkt og tenester.


tenester

Engasjerte og bransjespesialiserte konsulentar i ein fleksibel organisasjon står til disposisjon for di bedrift.


kurs og arrangement

Elis lever av kunnskapsformidling og
tilbyr eit utval kurskonsept tilpassa
kunden sine behov.


karriere

Elis søkjer stadig engasjerte medarbeidarar som kan gi oss eit løft for å møte morgondagens utfordringar.

Ledig stilling som trainee