ElWin Brukarforum ElNett

Heading icon

ElWin Brukarforum ElNett består av representantar for ElWin-brukarar innanfor fagområdet ElNett. Formålet til ElWin Brukarforum ElNett er å aktivt bidra til vidareutvikling av ElWin innanfor forretningsområdet ElNett.

Forumet skal gjennom sine forslag til endringar ivareta fagområdet, og legge til rette for at prosessane kan utførast effektivt uansett størrelse og organisering hos nettselskapa. Representantar frå Elis AS er i dialog med Brukarforumet og møter på enkelte av gruppa sine møter.

Brukarforumet vart opprinneleg etablert som ElWin Brukarforum Tilsyn under eit møte hos Elis i Dale 5. juni 2007. Under det årlege Brukarmøtet samme året vart forumet konstituert og vedtektene fastsett. Under Elis Brukarmøte i august 2009, vart det vedteke å døype om forumet til ElWin Brukarforum ElNett. Dette i tråd med ein restrukturering av forretningsområda i ElWin.

På desse nettsidene ynskjer Brukarforumet å vise for ElWin-brukarar generelt, dei problemstillingar og tema som vert drøfta av gruppa. Forumet ynskjer dialog med brukarar elles, for slik å bli ein mest mogleg relevant arena for å vidareutvikle løysingane i ElWin som rettar seg mot forretningsområdet ElNett i ElWin.



løysingar

Elis skal alltid vere den leiande og smartaste kunnskapsaktøren med
dei beste produkt og tenester.


tenester

Engasjerte og bransjespesialiserte konsulentar i ein fleksibel organisasjon står til disposisjon for di bedrift.


kurs og arrangement

Elis lever av kunnskapsformidling og
tilbyr eit utval kurskonsept tilpassa
kunden sine behov.


karriere

Elis søkjer stadig engasjerte medarbeidarar som kan gi oss eit løft for å møte morgondagens utfordringar.

Ledig stilling som trainee